Bjørnsundhistorie

Bjørnsund – øygruppa ytterst mot storhavet på Romsdalskysten. Frå om lag forrige hundreårsskifte, til langt fram på 1950-talet, to livskraftig levande samfunn der folket var full av optimisme. I dag fraflytta fiskevær nytta til rekreasjon for unge og gamle.

Bjørnsund 4 øyar – 2 fiskevær, Nordre Bjørnsund og Søre Bjørnsund. Frå gammalt av ein del av store godssamlingar på nordvestlandet, Nordre Bjørnsund til Hustadgodset og Søre Bjørnsund til Giskegodset. Begge væra gjekk etter kvart over i eige til handelsmenn anten frå Molde eller Kristiansund. Det vaks etter kvart fram to handelsstader med butikkdrift, fiskemottak, dampskipsanløp, post og på Søre Bjørnsund enda til bakeri. På slutten av 1800-talet blei det gjort store innvesteringar på hamnene og ein, etter tida, moderne fiskeflåte vaks fram. Gode fiskeår i byrjinga av 1900 gav gode økonomiske vilkår noko som vi ser resultat av i dag med store velbygde bustadhus og sjøhus.

Væra fekk tidleg telefon og elektrisk straum frå fastlandet og framtida såg lys ut for dei optimistiske innbyggjarane.

Like etter siste krig var folketalet oppe i over 600. Det blei kosta stadig større fiskebåtar som gjorde krav om innvesteringa til utbetring av hamnene aktuelle. Ny felles skule for begge væra blei bygd på Nordre Bjørnsund i 1961.

Ein kan vel slå fast att Bjørnsund ”vaks ut av sitt eige skinn”. Ny skulestruktur gjorde ikke krava mindre. Og i midten av 60-åra kom krava om
innvesteringar eller stønad til fråflytting. Det siste alternative vann, og frå 1968 tok folket til å flytta til fastlandet. Hausten 1971 blei dørene til dei  siste bustadhusa spikra igjen, handelen og post hadde stoppa opp og dei siste sette kursen for fastlandet.

Frå midten av 70-åra tek utviklinga for Bjørnsund ei ny vending. Folket, dei fleste med røtter og familieband til øyane,
opplevde lengten til heimlige trakter som sterk.
Stadig fleire vende tilbake til heimane og hammarslag lydde for mange som musikk i øyro.
Ferieværet Bjørnsund tek form. Kommunen nytta husa som dei hadde blitt eigar av til leirskule for born frå innlandet.
I dag pregar velstand og velholdte hus øyane. Stressa bymennesker tek, i sommarhalvåret, seg inn att og laddar batteria til det oppjaga bylivet.

 

Aktiviteter sommer 2017

June 7, 2017
by: annesofieNews

Bjørnsundsruta 2016

March 27, 2016
by: Helge Gautvik • News

Kystkulturhelga 2016

March 27, 2016
by: Helge Gautvik • News

Datoer for sommeraktiviteter 2016

March 27, 2016
by: Helge Gautvik • News